1. Velg riktig spekemat
Start med å velge ein god variasjon av spekemat. Her er nokre forslag:
- Spekeskinke: Ein klassikar som alltid faller i smak.
- Fenalår: Tradisjonell norsk delikatesse med rik smak.
- Salami: Kjem i mange variantar, gjerne krydra for ekstra smak.
- Snackspølser: Små pølser i forskjellige smaksvarianter som kan nytes som saltkvess til god drikke, til graut eller tapas. Kan delast opp i små biter
2. Tilbehør som fremhevar smaken
Rett tilbehør er nøkkelen til ein vellykka spekematanretning. Her er nokon klassiske og kreative forslag
- Ostar: Modnet brie, manchego eller en kraftig blåmuggost passar godt til spekemat.
- Frukt og bær: Fiken, druer, epler, melon og tyttebærsyltetøy gir ein frisk kontrast til den salte maten.
- Flatbrød, foccacia eller surdeigsbrød: Noko sprøtt og smakfullt å servera spekematen på.
- Oliven og sylta grønnsaker: Sylta løk, kapers eller cornichons tilfører syre og balanse.
- Potetsalat og Waldorfsalat: Gjev ein fin kremete balanse til spekematen og har lang tradisjon som tilbehør på festbordet.
- Eggerøre: egg smakar alltid godt i kombinasjon med spekemat og tilfører fin farge på bordet.
3. Pynt og presentasjon
Visuelt appellerende mat gjør alltid måltidet mer fristande. Her er nokon tips til korleis du kan legga opp spekematen pent:
- Rull opp spekeskinken og plasser den i små "roser".
- Lag små stabler av fenalår for å skape høgde og variasjon.
- Fargekontrast: Bruk mørke trebrett eller skifer som underlag for å få fargane på maten til å poppe.
- Spekerose: Brett tynne skiver av spekepølse eller salami rundt kanten av eit lite glass. Gjenta dette fleire "rundar" rundt. Snu glasset på hovud på serveringsbrettet. Voilá, ei nydelig rose som blir blikkfang på fatet!
- Urter: Bruk gode urter til å lage fargespill på fatet.

4. Tenk på drikken
Spekemat fortjener godt drikke. Her er noen forslag:
Rødvin: En fruktig rødvin med middels fylde, som en Beaujolais, passer godt til spekemat.
Øl: Ei lett IPA kan være eit godt valg.
Alkoholfritt: Eplemost frå Hardanger.
5. Spekematanretning til spesielle dietter
Tilpass spekematanretningen for alle gjester:
Glutenfri: Tilby glutenfritt brød eller knekkebrød.
Vegetarisk: Sjølv om spekemat er i fokus, kan du tilby ostar, nøtter og grønnsaksbaserte dippar for vegetarianere.
Konklusjon
Med desse tipsa kan du laga eit bord som ikkje berre smakar godt, men ser fantastisk ut óg.