Spekehuset.no - Åkrafjordtunet sin nettbutikk

Me starta opp med nettsalg allerede i 1999 som ein av dei første nettbutikkane i landet. Me har gjennom åras løp opparbeida oss god erfaring på nettsalg, noko me veit at kundane vår set pris på.

Spekehuset.no sel tradisjonsrik og førsteklasses spekemat frå Lundal i Åkrafjorden. Foruten spekemat, tilbyr me òg utsøkt pinnekjøtt (sesong) og andre godsaker.

"Det skal meir enn eit fagbrev til for å laga god spekemat! Spekemat er resultatet av ein modningsprosess som på mange måtar kan samanliknast med vinproduksjon. Oppskrifter og metodar går i arv og er viderutvikla gjennom generasjonar. Det er trente auge som ser, fintrimma naser som luktar, følsomme hender som kjenner og kresne ganar som smakar seg til eit førsteklasses resultat".

Sitat:
Johan Lundal
Fjerde generasjon pølsemakar i Johs. Lundal & Sønner AS

Produkta til Lundal sender me til matglade kunder frå Lindesnes i sør til Karasjokk i nord, og me har mange faste kunder. Det tek me som ein god kvalitetsattest både på produkt og på nettbutikk!
Den beste markedsføringa vår er at kundane tipsar familie, venner, arbeidskollegaer osv om spekehuset.no.
Me ønskjer det skal vera ei god oppleving å klikke seg inn i nettbutikken eller å ta turen innom Åkrafjordtunet når ein fer forbi.

John Karsten Hustveit.jpg

Håpar eg treff deg på nett eller i butikk:-)  

Med venleg helsing
John Karsten Hustveit
Dagleg leiar