Kvalitet og varesikring

Det gjer ei god stemning å bestilla mat frå Spekehuset. Når ei bestilling tikkar inn er det som oftast John Karsten eller Anne Elin som går ut i butikken og vel ut det kjøtet som er det beste, og i tråd med dine ynskje. Det sikrar at du og dine gjester får eit måltid som får fram dei beste smakane frå Åkrafjorden.

Di bestilling blir plukka og pakka på utvalde dagar, og det skyldast at Spekehuset ikkje ynskjer at varene skal liggje på eit lager undervegs i frakta, for eksempel hellidagar eller helg. Matvarene vert difor sende måndag eller tysdag, og bestillingar som kjem inn tysdag etter 12, onsdag, torsdag eller fredag, vart haldne på vent og pakkast ikkje før det er måndag igjen. Spekehuset sender ut ein SMS så snart vara kan hentast, og det er best for alle at varene vert henta så snart som mogleg.

Kvalitet og varesikring
- Me ynskjer at kunden skal få ei god matoppleving, og sjølv om maten vår tåler transport og lagring godt, så ynskjer me at frakta skal vera så rask og smidig som mogleg. Det handlar om kvalitet og varesikring for produkta me har seld og at varene får den best moglege reisa frå oss til kunden, seier John Karsten Hustveit, dagleg leiar i Spekehuset.

Frys pinnakjøttet!
- Når kunden mottek ei vare er det berre å følgja varedeklarasjonen som følgjer med. Sesongvarer som for eksempel pinnakjøtt, bør frysast fram til bruk fordi det bevarar kvaliteten. Om du bestiller pinnakjøt vil du få med eit eige skriv som forklarar kva som skal gjerast når du mottek vara, seier John Karsten.

Spekemat tåler lagring godt
Produkta frå Johs.Lundal & Sønner er basert på konserveringsmetodar frå gamal tid, kor det var vanleg med både salting, røyking og speking.

- Dei hadde jo ikkje kjøleskap og frys den gongen, og difor er dette kjøt som tåler både lagring og frakt, sier John Karsten.

Kortreist og lokal mat
Spekehuset har sin eigen butikk som også fungerar som varelager, og det er truleg Vestlandets største lokalmat-utsal.

- Det er ikkje alt me tilbyr som kan sendast, men om du er nyfiken på heile utvalet vårt, så tek du turen innom butikken vår i Åkrafjorden. Butikken har fullt utval, noko basert på sesong selvfølgeleg, mens nettbutikken har eit tilpassa utval som er i stadig vekst basert på våre kundars oppfordringar og konkrete ynskje. Me har konsentrert oss om nokon kvalitetsprodukt, og har gjennom våre lokale samarbeidspartnerar både premierte og anerkjente produkt. Me meiner at Johs. Lundal & Sønner er dei beste i landet på denne typen mat og me er svært stolte av samarbeidet me har med dei, seier John Karsten.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×