Spekehuset.no - nettbutikken for matglede -
 
"Det skal meir enn eit fagbrev til for å laga god spekemat! Spekemat er resultatet av ein modningsprosess som på mange måtar kan samanliknast med vinproduksjon. Oppskrifter og metodar har gått i arv og er videreutvikla gjennom generasjonar. Det er trente auge som ser, fintrimma naser som luktar, følsomme hender som kjenner og kresne ganar som smakar seg til eit førsteklasses resultat."
 
Sitat Johan Lundal fjerde generasjon pølsemaker i Johs.Lundal & Sønner AS
 
 Foto: Espen Mills
spekehuset.no - Åkrafjordtunet sin nettbutikk 
spekehuset.no er ein nettbutikk som hovedsakeleg selg tradisjonsrik og førsteklasses kjøttmat frå Lundal. Me starta allereie hausten 1999 med varer over nett. Så ein kan vel sei at detta med nettsalg også begynnar å bli ein tradisjon. 
 
Forsatt er det dei som ringer inn sin bestilling, så er du litt i tvil om detta med salg over nett, så kan ein ta telefonen fatt.
 
Ettersom...
Lundal er ein produksjonsbedrift og kun selger engros har nettbutikken saman med  Åkrafjordtunet til oppgave å "bringa" varene frå Lundal ut til matglade privatpersonar som ynskjer noko ekstra. Som dykk truleg veit er det vanskeleg for små produksjonsbedrifter å få innpass i dagligvarekjedane. Som eit resultat går du glipp av mange lokale "matperler" rundt om i landet vårt. For vår del ser me berre større og større moglegheitar gjennom salg direkte til deg på internett.
 
Med kunder fra Karasjokk i nord til Lindesnes i sør...
Spekehuset har nå over 1500 registrerte kunder frå lengst i sør til lengst i nord!
Det sier seg sjølv at det ikkje er lett for ein liten bedrift å gjøre tilbudet kjent. Beste markedsføringa ein kan få er at våre kundar er så fornøyde med både nettbutikken og produkta at dei tipsar familie, venner, arbeidskollegaer osv. om spekehuset.no. Me har no merka oss at som ein følgje av kvalitet over tid, ser ein at varene frå Lundal "har en lei tendens" til å stige i pris bare dei passerar Haukeli.
 
Så det kan lønna seg å klikke seg inn på nettbutikken eller kjøre innom Åkrafjordtunet.
  Foto: Espen Mills
 
 
På førehand takk!
 
 
 
Med venleg helsing
John Karsten Hustveit
 
Dagleg leiar
 
 
Åkrafjordtunet Teigland, 5590 Etne   Telefon: 53 75 42 60 Mobil: 916 89 377 E-post: post@spekehuset.no
Org.nr: NO 977 084 776 MVA    Åkrafjordtunet AS © 2010 All rights reserved.