Johs Lundal & Sønner AS
Johs Lundal & Sønner AS er ei familiebedrift som starta oppe i Lundalen, ved foten av Folgefonna i 1870. (Sjå kart)
Bedrifta har i dag 9 heil- og deltids ansatte i eigne lokaler på Teigland. All spekemat og kjøttvarer blir framleis laga etter dei samme gamle og gode oppskriftene som for over 100 år siden.
Oppskriftene som har gått i arv i generasjonar, legg stor vekt på modning og speking over lang tid, for å få den rette kvaliteten. Dette er med på å gi spekemat frå Lundal den rette kvaliteten.
I 1998 ble Lundal kåret til Norgesmester i Spekemat.
Lundal brukar berre reine norske kjøttråvarer i sine produkt. Alle produkta er utan gluten- og melketilsetninger. Noko allergikere bør merke seg.
Lundal har deltatt i kjøttbransjens NM dei 5 siste mesterskapa. I NM 2002 blei det GULL for både Pinnakjøtt og Hardangerpølsa. Med denna utmerkelsen blei produkta for alvor satt på det Norske matkartet.
Spekemat-tradisjonen i Åkrafjorden
Alle som har køyrt ein del langs Åkrafjorden
knyttar navnet Lundal til førsteklasses kjøttmat. Både Åkrafjordpølsa og Åkerring er kjente og kjære produkt for dei mange som har gjort det til ein regel å handla med seg kjøttmat frå Lundal når dei køyrer langs Åkrafjorden.
Med eit rennomè for god kvalitet og over 100 års tradisjon å ta vare på, kan ein aldri gå på akkord med kvaliteten.
Lundalen ligg oppe mot Folgefonna.
Mosnes ligg nede ved sjøen der Lundalen starter.
"Det var ein gong..."
Her i denne vakre,men bortgjøymde dalen på nordsida av Åkrafjorden, starta soga om Åkrafjord-pølsa for ca. 125 år sidan. Johannes Lundal heitte han som tok til med produksjon av spekemat i Lundalen, ca ei halv mil frå fjorden.
I 1925, tre generasjonar seinare, flytta ein annan Johannes Lundal produksjonen til Mosnes ved Åkrafjorden.